Heltnemarka Hus 7

Felt BF1 og BF 2
Desse bustadane vert liggande fram på kanten av platået på Heltne. Plasseringa er unik, nettopp fordi ein har ei tilbaketrekt plassering, men med nydeleg utsikt mot både badeplassen på rotevatnet og lengre mot vest, fjorden.

Bustadane er ei nyutvikling der bukvalitet har vore i høgsetet. På området vert det oppført ein nærleikeplass for dei minste borna, og det er direkte tilknytning til turvegnettet. Planlegginga har teke høgde for ei fleksibel planløysing med moglegheiter for fleire livsfasar. Einesbustadvarianten i enden har moglegheit å ta inn carport i huslivet, og bygge ei separat dobbelgarasje mot vest.

Sjølve planløysingane gjev rom for opptil 5 soverom, ekstra bad i 2. etg, tv-stove og separat vaskerom Det er dobbel carport med plass til 2 bilar og ei romsleg sportbod. Elbilladar er sjølvsagt lett å sette opp. Legg spesielt til merke den lekre en-suite løysinga i 2.etg. For dei som ynskjer det, kan ein også lagt til ei smart hybelløysing i eine delen av 1. etg.

Prosjektet er utvikla i tråd med retningslinjene til husbanken, og vil derfor kvalifisere til gunstig Husbankfinansiering. I tråd med dagens rentebilde, så ligg ei slik finansiering med svært gunstig rente.

Bustad levert til eigeninnsats.
Bustadane er i utgangspunktet klar for eigeninnsats. Det vil seie at Norhus set opp leilegheitene, men overlet overflater på gulv og vegger slik at kjøpar kan gjere dette sjølv for å setje sitt personlege preg på leilegheitene. Det vert tilbode ei rekke tilval for dei som ikkje har tid eller anledning til å utføre eigeninnsats sjølv.

Plantegninger

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Odd Erik Hovden

Odd Erik Hovden

Salsleiar

NORHUS ØRSTA AS

Meld interesse